Leserbrev i anledning av artikkelen
"Historien om et justismord"
Av Audun Bjørneset
|
Ingen av de to ovennevnte aviser har tatt inn en innlegg fra Ola Kåre
Bjørnesets far. Det publiseres her, i den form det ble sendt til avisene, med
forfatterens velvillige tillatelse. |
Bjørneset 04.08.03
Bed om at de tek inn dette lesarbrevet frå meg
Eg er faren til den utuktsdømde presten på Sunnmøre. Eg nermar meg 90,
men dei som kjenner meg veit at eg er klar i hovudet, så klar at eg følger med
og veit kva som er rett og gale.
Når spetakkelet byrja hausten 98, reagerte eg først med sjokk og
vantru. Seinare tenkte eg at om det var sant, så måtte son min ta straffa si.
Dette sa eg også til han. Men etterkvart, spesielt etter å ha diskutert saka
med det eldste barnebarnet mitt, såg eg at det må vere noko feil her. Både eg
og han har lese gjennom historien som står på internett og vi kan vitne om at
den stemmer. Det kan eg avlegge eid på. Eg vil også utfordre kva journalist som
helst å kome og interjuve meg. Då skal dei bli viste rundt i huset, så dei
sjølve kan sjå at det er rett det som står der.
Eg ser at Elisabeth har sendt lesarbrev både til Møre og
Sunnmørsposten. Eg trur ho har fått god hjelp. Barnevernet sa ofte at
barnebarna ikkje ville treffe meg, men eg kan vise døme på brev og teikningar
"smugla" ut til meg etter at dei var tatt i "varetekt".
Elisabeth sa til bror sin at ho følte oppholdet i fosterheimen som "å vere
i ein konsentrasjonsleir". Vi som opplevde krigen veit at
konsentrasjonsleirfangar gjorde kva som helst for å overleve. Eg lurar på
kvifor ho ikkje ville la seg interjuve? Kanskje hjelparane ser at dei gjorde ei
tabbe der og vil sørge for at vi snart får eit interjuv med henne? Ho har trass
alt vore "på besøk" i fosterheimen sin ei god stund nå. Forresten på
Folkestad skule lærer dei nynorsk, tru kven som har "hjelpt" henne
til å skrive lesarinnlegget på bokmål?
Audun Bjørneset
Eg vurderer å be son min sende dette til internett.
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *
Lenker til:
Incesthysterin
och Domstolarna
Katastrofen
i Bjugn största rättsskandalen i Norge
Kripos-sjef redd for justismord
Drastiske tiltak skal hindre justismord
Stefan
Holmlins brev till Justitieutskottets ledamöter
På den anden
side. 10 indlæg i pædofili-debatten